Våre prosjekt

Ekornes er leadpartner i 3D-strikke satsinga, med prøveproduksjon på 3D-strikka møbler.

 

Ekornes

Hjørnesteinsbedrifta i Sykkylven har det siste året jobba med prøveproduksjon av 3D-strikka møbler. Først ute er møbelikonet Stressless med strikka trekk.

I samarbeid med lokale Amatec og japanske maskinleverandøren Shima Seiki, bedriftas eigne designarar og vår tekniker og programmerar, har dei utforska teknologien som kan bidra til ei langt meir bærekraftig produksjon med minimalt materialsvinn, ein-stykk produksjon og ei meir effektiv verdikjede. 

På møbelmessa i Köln i januar i år fekk Ekornes stor merksemd då dei lanserte sine første strikka møbler, og det var spesielt miljøgevinstane som fanga interessa hjå dei besøkande.

 

Møbel og konfeksjon

Konfeksjonsindustrien har nytta teknologien i fleire år, også skoprodusentar som til dømes Nike har kome langt med 3D-strikka joggesko.

Muligheitene er enormt store, også for å produsere smarte tekstiler til mellom anna helsesektoren.

Teknologien har ikkje vore utnytta innan møbelproduksjon, så det har vi store forventningar til. 

Vi har starta samarbeid med fleire klesprodusentar som ønskjer å produsere lokalt, og utnyttje teknologien til meir miljøriktig klesproduksjon.