Våre prosjekt

Ekornes er leadpartner i 3D-strikke satsinga, og er først ute med prøveproduksjon av 3D-strikka møbel.

Kompetanseheving i 3D-strikk

3D Knitting & Technology vil i haust kartlegge korleis vi saman med Ekornes og Sykkylven VGS og andre utdanningsinstitusjonar kan legge til rette for kursing og utdanning slik at vi i framtida får styrka kompetanse på 3D-strikk i Norge.

I dag er det nesten umogleg å få tak i kvalifiserte programmererar og teknikarar til å betjene 3D-strikkemaskiner. Det krevst også anna designkompetanse for best å kunne utnytte 3D-strikk. Med bakgrunn i kartlegginga vil vi vurdere ulike kurs og utdanningar som kan møte behovet i næringa. 

 

Ekornes - verdsleiande på automatisering og med 1000 tilsette i Norge

Hjørnesteinsbedrifta i Sykkylven har det siste året jobba med prøveproduksjon av 3D-strikka møbler. Først ute er møbelikonet Stressless med strikka trekk.

I samarbeid med lokale Amatec og japanske maskinleverandøren Shima Seiki, bedriftas eigne designarar og vår tekniker og programmerar, har dei utforska teknologien som kan bidra til ei langt meir bærekraftig produksjon med minimalt materialsvinn, ein-stykk produksjon og ei meir effektiv verdikjede. 

På møbelmessa i Köln i januar i år fekk Ekornes stor merksemd då dei lanserte sine første strikka møbler, og det var spesielt miljøgevinstane som fanga interessa hjå dei besøkande.

Ekornes si heimeside og nettbutikk

Artikkel i e24 om korleis robotisering redder norske arbeidsplassar "Denne roboten sørger for at Ekornes ikke flagger ut" 25.09.14

Artikkel i Teknisk Ukeblad om Ekornes si satsing på teknologi og kompetanse"Dette er verdens første fleksible sømrobot" 17.12.17

 

Møbel og konfeksjon

Konfeksjonsindustrien har nytta teknologien i fleire år, også skoprodusentar som til dømes Nike har kome langt med 3D-strikka joggesko.

Muligheitene er enormt store, også for å produsere smarte tekstiler til mellom anna helsesektoren.

Teknologien har ikkje vore utnytta innan møbelproduksjon, så det har vi store forventningar til. 

Vi har starta samarbeid med fleire klesprodusentar som ønskjer å produsere lokalt, og utnyttje teknologien til meir miljøriktig klesproduksjon.

 

Oleana - eit forbilde på berekraftig lokal produksjon

Ein av ganske så få norske kleprodusentar ligg i Arna utanfor Bergen. Leiinga med Gerda Sørhus Fuglerud i spissen har ein bevisst strategi. Dei sett ikkje produksjonen ut, sjølv om det kunne ha gitt betre marginar. Med ny 3D-strikk rasjonaliserast produksjonen, det gir mindre svinn, mindre overproduksjon og lokale arbeidsplassar oppretthaldast. Tidsriktig design og høg kvalitet er deira kjennemerke. Oleana er ein av aksjonærane i 3D Knitting & Technology.

Oleana si heimeside og nettbutikk

NRK-artikkel om Oleana "Made in Norway" 07.07.19

NRK-artikkel om skreddersydde kle og lokal produksjon "Mener gaming-teknologi vil revolusjonere klesbransjen" 15.06.20

 

Også Rauma Ullvarefabrikk produserar 3D-strikka genserar, med mange velkjende norsk strikkemønstre som mellom anna Marius-genseren.